Forside | Om oss | Kontakt oss
ÅLESUND
FORSIDE
KONTAKT
MEDLEMSBLADET
TEMAMØTER og ÅRSMØTER
MEDLEMSTURER
STUDIEGRUPPENE + MØTEPLAN
VELFERDSTEKNOLOGI
OM OSS
Søk i puiaa.no:
Skriv ut siden
Sidekart
-INVITASJON- BLI KJENT MED FOLK OG NATUR -PÅ LEPSØYA-
BLI KJENT MED FOLK OG NATUR - PÅ LEPSØYA INVITASJON til medlemar av Ålesund senioruniversitet til kort seminar om Lepsøya, ein av dei nye utkantane til storkommuna Ålesund.

Tidspunkt for seminaret er tysdag 5. februar kl. 11.15 – kl. 15.00. • 11.15: Oppmøte på klubbhuset til Lepsøy småbåtforening der det blir orientering om prosjektet Nordøyvegen og arbeidet som har vore gjort fram til byggestart. Magne Kjerstad vil gi ei kort orientering om folk og natur. Roy Asle Andreassen vil formidle tankar om forventningar til øysamfunnet.

• Ca. 12.15: Rundtur på øya i bilar med lokale guidar.

• Ca. 13.15: Samling i den gamle prestegarden på Kjerstad med servering av brennsnut. Orientering om staden og spesielt omvising i Moenmuseet. Dette er eit museum som syner innreiing og varer frå N. Moen landhandel som starta i 1934 og aldri hadde opphørsal. Der er også skomakarverkstad og inventar frå bustaden til Moenfamilien.

15.00: Avslutning. (Om nokon må ta ferja kl. 14.45, må dei avslutte før.) Aktuelle reisemåter er ferje frå Skjelten kl. 10.20 med retur frå Lepsøya kl. 14.45 / 15.45 (Honnørbillett kr. 22, bil kr. 117), eller hurtigbåt frå Ålesund kl. 10.30 med retur kl. 15.10. (Honnørbillett kr. 70) Det er ikkje naudsynt å ta med bilar til øya. Vi ordnar med transport her. Kostnadar for servering og omvising på øya blir kr. 200 pr. deltakar.

Velkomen til Lepsøya. Jørgen Kjærstad, Magne Kjerstad og
Roy Asle Andreassen.
Innholdet på websidene er beskyttet i henhold til Lov om opphavsrett til åndsverk (Åndsverksloven)
digikom web - en smart løsning fra digikom as